torsdag 9. mai 2013

Ein kveld utan marginar

Hammersborg   -   Oldenborg 2        4-2  (0-0)

Som Klefstad sa før dagens kamp: Med siger ville vi vere heilt oppe i toppen, mens med tap ville vi vere på nedre halvdel. Med andre ord ein viktig kamp. Vi starta i ein slags skeiv 4-3-3-formasjon. Torstein var i kyrkja, så Knut Erik og Klefstad var dagens lagleiarar.

Første omgang var jamn, sjølv om Hammersborg hadde eit par fleire skot på mål enn det vi hadde. Jørgen var imidlertid parat, og tok det vesle som var. Dei hadde også ein del skot utanfor. Vi jobba bra på midten, spesielt Jørund ofra legg og lår med fleire heftige sklitaklingar.

Vi hadde også våre sjansar. Den største kom då Thomas fekk ballen på 30 meter, forserte framover, drog seg fri og fekk banka til mot nærmaste. Keeper var imidlertid med på notane og holdt ballen. Thomas kom nemleg inn etter halvspelt første omgang då humørspelaren Zymer ikkje fann seg heilt til rette på vingen.

Iver fekk òg ein fin sjanse då han vann ballen, fekk gå heilt inn på hjørnet av 16 og avslutta mot lengste. Ballen rulla imidlertid utanfor. Pause på 0-0.


Andre omgang skulle bli noko heilt anna. Anders og Sigve kom inn, og etter kvart òg Raymond og Edvin. Vi fortsatte å krige bra, men det første målet skulle gå til Hammersborg. Avslutninga frå 15 meter låg heilt nede i kroken av målet, fullstendig utagbart for Jørgen. 1-0, men det var lenge igjen.

Så fekk vi eit dødballmål. Innkast frå venstre, vi kriga bra i duellane, og Hallvard fekk sklitakle-sparka ballen vidare til Sigve. Han la seg nydeleg over på sida, fekk foten over ballen, og dunka den i nærmaste kryss. Liknande mål har vi ikkje sett på ei fotballbane sidan Zidane banka inn 2-1 i Champions League-finalen i 2002. Lekkert av Sigve, og 1-1!

No var vi på hugget. Dessverre fekk Hammersborg satt trykk på oss. Først fekk dei eit frispark på 25 meter. Det slo Jørgen til corner. Corneren vart klarert av Klefstad til ny corner. Deretter fekk ein Hammersborg-spelar gå heilt åleine opp i feltet og heade ballen over. Dommaren dømte.. ny corner!! På den fekk Hammersborg gå opp på lengste og heade ballen klin i krysset. 1-2.

Like etter fekk Hammersborg ein ny corner. Vi fekk aldri klarert skikkeleg, og til slutt fekk ein svartkledd avslutta frå 16 meter. Ballen gjekk like over Jørgen, i tverra, ned i bakken og opp i nettaket. Marginane var ikkje på vår side. 1-3.

Så var det endeleg vår tur. Zymer hadde komt innpå for Klefstad, og vi la over til 4-4-2, med Zymer og Hallvard på topp. Jørund sende ei krempasning i bakrom til Zymer, som distanserte midtstopparen sin. Keeper kom ut og gjorde seg stor, men Zymer fekk avslutta under han, og ballen rulla flott inn i lengste. 2-3 med fem minutt att på klokka.

No gav vi alt for å putte fleire. Steinar gjekk fram på alt som var av angrep, og vi fekk derav mykje meir trøkk framover. Hallvard fekk ein feit sjanse då han drog seg forbi det meste som var av forsvarar og inn på 12 meter. Han vart derimot hindra i avslutninga. Bittert. Svært nære 3-3. I staden fekk Hammersborg eit mål på tampen då dei lempa ballen inn i feltet, Edvin og Joakim skreik på det som såg ut til å vere ein klar offside, og spissen deira scora åleine med Jørgen. Kampen ebba ut med 2-4.

Takk til fansen som stilte opp! Vi sat att med ein følelse av at vi fortente mykje betre. Spelemessig var det eit skritt opp i forhold til førre kamp, og ein ting er sikkert: neste kamp mot Hammersborg tar dei ikkje tre poeng.

No ser vi fram til å ta imot Wam-Kam på Tørteberg på sjølvaste 16. mai 20:15!

-Anders


Vi starta med følgjande lag:

                  Hallvard
  Zymer                              Iver

        Jørund      Knut Erik (c)
                Klefstad

Emil      Bjarte     Steinar      Joakim

                    Jørgen

Benken: Thomas, Anders, Sigve, Raymond, Edvin, Øystein

Kampfakta:

1 - 0   Hammersborg
1 - 1   Sigve                 (Hallvard)
2 - 1   Hammersborg
3 - 1   Hammersborg
3 - 2   Zymer               (Jørund)
4 - 2   Hammersborg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar