mandag 26. mai 2014

Hvor ble de av? #2


- Namn: Øystein Bjaanes Lemvik. Starta som berre Øystein Lemvik, men fekk mellomnamn etter at eg gifta meg.. svært så progressivt, egentlig;)
- Bustad: Sandnes, Rogaland. Stor by (norske forhold!) som synes liten, då det meste her er flatt og blokkene er få.
- Familie: Kone og to born (5 og halvanna år). Travelt.
- Arbeid: Student i år. Tek praktisk-pedagogisk utdanning ved Universitetet i Stavanger. Satsar på å vera lærar i dei kommande åra - får sjå om ein får til noko slikt. Har arbeidd på skule dei tre føregåande åra.
- Fyrste sesong for Oldenborg var nett det - fyrste sesong for Oldenborg (2000).
- Siste kamp: Usikker. Eg var mest benkeslitar dei siste sesongane, men eg la vel opp etter 2010-sesongen, om eg minnest rett.
- Posisjon: Alt. Faktisk. Rett nok er det eit par posisjonar eg kun har spelt i ein 10-15 minutt, men eg har vore keeper (dei fyrste sesongane), venstre back (mykje dei seinare åra), midtstoppar, venstre kant, sentral midt, høgre kant og spiss. Og dommar. Manglar vel berre trenar for å ha fylt opp alt.
- Beste minne: Tja.. det er ein del der.. fyrste offisielle kampen vår, som me vant (me hadde spelt to treningskampar, meiner eg, og eg veit at me tapte ein - kanskje begge). Trenaren då (Clas Olsson, det var namnet - fakta!) stilte i dress på sidelinja. Hugsar ikkje kven motstander var, men me vant 5-2. 
Opprykk fyrste sesong var kjekt. Å halde nullen for fyrste gong (mot Sognsvann på Voldsløkka grus, andre sesong) var kjekt. Sesongavskutningsfestane... Grand Prix-party då Rybak vant..  Eg har vanskeleg for å velge eit. kjenner eg. 
Det som sit best er kanskje eit mål frå andre sesong. Direkte frå avspark, frå midtsirkelen. Motstandarlaget flirte ... i ca. tre sekund. Så gjekk ballen inn, og me smilte i staden (men me tapte 4-2).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar