I dag var det ikkje vår dag. Som
coachen vår konkluderte med: OBOS-cup er OBOS-cup, og i dag mista vi
muligheten til å motta eit gåvekort på Umbro-utstyr for kr. 2500.
Scena var satt før avspark, det var
vinn eller forsvinn. Vi hadde fått med oss 3 forsterkningar frå
førstelaget, og dei gjekk alle rett inn på laget. Ole Magnus fekk
dessutan tillit frå start mot sine ansatte, medan Kenwyne Jones
starta på høgrevingen for Nordstrand.
Første halvdel av første omgong var
jevn, men med eit visst press frå Nordstrand. Vår største sjanse i
omgangen kom etter 19 minutt, då Emil var høgast på ein corner,
men ballen gjekk så vidt over lengste kryss. Nordstrand fekk testa
ut Alex ein del gonger, men sisteskansen vår parerte det som kom.
Emil hadde god kontroll på Kenwyne.
Etter 29 minutt var det derimot slutt
på smultet. Nordstrand crossa over på venstre, og sjølv om Alex
tok avslutninga, var det ein kvitkledd først på returen. 0-1. Like
etterpå kom Nordstrand-mål nummer to då dei fekk spelt seg gjennom
i midten. 0-2 til pause, alt i alt ei fortent leiing.
Vi var enige om at kampen kunne snus,
men etter pause hadde vi knapt komt ut av startblokkene før det stod
0-3. Men vi gav ikkje opp. 51 minutt var gått då Torstein la eit
strøkent innlegg på bakerste. Keeper vart blenda av sola, og Anders
fekk heada, men ballen gjekk godt utanfor. Like etter fekk vi også
gode skotforsøk både frå Sindre og Daniel utan å få uttelling.
Sindre gjorde forøvrig ein kjempejobb på midtbana i dag.
Men Nordstrand stod for den beste
fotballen i dag. 0-4 og 0-5 kom etter kjapt og godt angrepsspel der
vi ikkje hang heilt med. Vi er ute av OBOS-cupen, men det finst
viktigare ting her i livet. Sjølvtilliten vår er ikkje knekt, og vi
tek med oss at ingen av oss vart skada før torsdagens kamp mot
Jardar.
- Anders
Startoppstilling:
Issa Sinken Torstein
- Anders
Startoppstilling:
Issa Sinken Torstein
Ole M Klefs Sindre(c)
Emil Jon Arild Arvild Daniel
Alex
Innbyttere: B.O, Sveini og Anders.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar