Oppsal 2 - Oldenborg 2 1-3 (1-2)
Kampfakta:
0-1 Sinken (Anders)
0-2 Jon
1-2 Oppsal
1-2 Straffebom Oppsal
1-2 Rødt kort Oppsal
1-3 Mikke (Torstein)
Gule kort: Sinken, Klefs, Emil, Øystein og Michael.
Startoppstilling:
Det er søndag morgon i oktober, og
klokka kryp mot 08:00. Oslo søv. Med unntak av ein gjeng krigarar
frå... Valle?! som har bagen pakka og et frukost. Aller siste kamp i
2014. 2. KM-kamp. Lagt til klokka 10 på morgonen. Kyrkje får vere
kyrkje, vi er klare for å avslutte med siger.
Og når vi ramlar inn i garderoben ein
etter ein, merkar vi at folk er tente på å ta dette. Michael har
til og med lagt inn ein knapp hundrelapp for å sleppe å bli våt
før kamp, då bompengesystemet er eit par hakk meir avansert her enn
i barteland. Kopperud, på si side, er nok ein gong så vidt innafor
på tida, unnskyldninga denne gongen var at han visstnok hadde ein
avtale om å plukke opp underteikna utanfor Bunnpris? Den blir for
tynn, Kopperud.
Torstein har som vanleg gjort ein god
research før hans siste kamp i Oldenborgtrøya. (As if!) Han melder
om at bana er våt. Planen er klar, vi skal vinne vannkrigen. Regnet
høljar ned, men vi blir enige om å gjere det beste ut av det.
Klefstad er benka, sannsynlegvis er det for å få fokusert mest
mogleg på bønna før kamp. Coachen har nemleg fått svigers på
besøk frå Halden, og sjølv om Riskas hylande fanskare glimrar med
sitt fråvær, er det klart vi vil lage litt sambafotball for dei
oppmøtte.
Det blir imidlertid raskt klart at
dette heller blir hawaiifotball. Det er berre surfebretta som
manglar. I starten er det ikkje så gale, men etter kvart er det
klart at ballen rullar så dårleg at det er lange ballar som er
tingen. Riska imponerer med vipp-slå-teknikken sin. Og vi får ein
draumestart på kampen. Ein lang ball i bakrom til Sinken ser ut til
å gå inn til keeper, men den stoppar i ein dam. Sinken jobbar bra,
og prøvar å få skutt på mål, men ballen havnar til slutt til
underteikna ute til høgre. I duell med to stopparar leverer eg det
som må vere ein kandidat til årets frekkaste assist, hælsparkar
ballen elegant tilbake inn i midten til Sinken som faktisk ikkje kan
unngå å score. 1-0.
Regnet ausar ned, og Oppsal 2 er ikkje
nøgde med situasjonen, og meiner kampen bør bli stoppa, fordi
forholda er for dårlege. Vi er mest interesserte i å bli ferdig med
kampen, og dommaren meiner det same, så vi held fram. Oppsal 2 lar
det heller gå ut over oss. Fleire unødvendige etterslengarar
følgjer. Spesielt Sinken får gjennomgå. Ja, vi ropar ein del på
dommaren, men det er klart vi gjer det når vi blir behandla sånn.
Vi har grei kontroll, og sjølv om Oppsal 2 pressar til tider,
blokkerer forsvaret vårt veldig bra.
Halvvegs ute i 2. omgong får vi corner
frå høgre, og det er tydeleg at Oppsal 2 ikkje har gjort god nok
research. Dei veit nemleg ikkje at det er den heitaste karen frå
Stavanger som tek corneren. Ein følsom, deilig innoverskru mot
fremste stolpe, Torstein pressar keeper, som fomlar ballen rett i
mål. 2-0! Oppskriftsmessig.
Så raknar det i forsvaret etter ein
corner, og ein blåkledd får skyte ballen i vinkelen frå 12 meter.
2-1 til pause. Pausepraten går på at vi skal fortsette å krige, og
la Oppsal mase på dommaren. Alle på benken kjem inn.
Drøye ti minutt ute i andre halvdel
får Oppsal straffespark, då eit skot går via handa til Michael.
Straffe? Tja. Men kva gjer vel det. Vi har Tweet. Han tek både
straffa og returen. Unødvendig å seie at vi har den beste keeperen
i 5. divisjon! Fantastisk deilig. Oppsal får også fleire sjansar,
spesielt ein der vi kan takke Tweet og ei god mengde vatn for at
ballen ikkje rullar over streken.
Så skjer noko som rett og slett er
trist. Emil lagar frispark når han feller ein blåkledd. Den
blåkledde reagerer med å stemple Emil knallhardt i låret. Dommaren
gjer det einaste rette, og dreg opp det raude kortet. Seinare blir
også Emil sendt på ein ufrivillig luftetur ut på asfalten. Det
blir imidlertid ingen fleire raude kort i løpet av kampen, trass i
at vi blir sparka ned både her og der, og at vi gjev litt attende
også.
Men - tilbake til det sportslege. Vi
skulle gjerne hatt eit må til, og det er akkurat det vi får. Daniel
jobba utretteleg i duellane på midten, og får takla ein ball
direkte fram til Torstein i angrep. Forventingsbruset kjem frå
sidelinja når det går opp for svigers at det kan bli mål i
avskjedskampen. Torstein skyt. Keeper er på halvdistanse, men får
såvidt slått ballen i stolpen. På streken kjem heldigvis Mikke på
eit deilig langt løp og ekspederer biffen før han blir meid inn i
målet. 3-1, og Torstein blir hylla som seg hør og bør.
Det heile endar 3-1. Vi krigar oss til
siger i dag. Sesongen er over. Vi avsluttar med stil. Torstein gav
svigers valuta for pengane, og Øystein kan dra på seg både ein og
to lyskestrekkar. Over og ut!
-Anders
| Foto: Magne Staal |
Kampfakta:
0-1 Sinken (Anders)
0-2 Jon
1-2 Oppsal
1-2 Straffebom Oppsal
1-2 Rødt kort Oppsal
1-3 Mikke (Torstein)
Gule kort: Sinken, Klefs, Emil, Øystein og Michael.
Startoppstilling:

Festlig lesning Mr. Klungre!
SvarSlett